Paper has a tactile quality that we need in our digital daily life. I use paper for printing - drypoint, woodcuts and letterpress, and I use paper in installations, sculptural forms and in handmade books.
Papir og grafiske teknikkar – japansk tresnitt (mokuhanga), koldnål og boktrykk (letterpress) - er sentrale i min praksis. Papir og trykking for hand, innbyr til ein nærmast meditativ og taktil arbeidsprosess. Som grafikar er eg ikkje oppteken av like opplag. Fargar og trykkemåtar kan varierast for kvart trykk, sjølv om utgangspunktet er same trykkplata.
Tema eg er oppteken av er identitet og tilhøyrigheit. Eg ynskjer mellom anna å formidle stillheita eg sjølv opplever i møte med naturen og naturfenomen. Gjennom arbeida mine utforskar eg korleis vi menneske er innvevde i naturen.