Solund 28.06 - 24.08.2025 English
“KL. 0600 OG EKKOET AV EIN MÅSE”
Dette er tittelen på eit bilde eg har trykt i japansk tresnitt, og tittelen på kunstprosjektet i Solund sommaren 2025. Menneske og naturen i Solund er barndommens paradis. Mange av mine arbeid er inspirert av denne staden og dette miljøet. Eg planlegg no å ta med meg ein del av desse verka og plasserer dei på eigna lokasjonar i Solund.
Eg har mellom anna laga eit avtrykk av kaia mi på Mårstig i Strandavågen som skal visast i gamle butikken på Lågøy. Staden her var viktig då eg var barn. Vi kom dit med båten frå Bergen. Og på laurdag var vi her for å handle og treffe folk. I Naustet mitt på Mårstig skal små bøker sveve på pleksiplater, arbeidet heiter «Rekved» og er inspirert av rekved eg fann her då eg overtok staden. Onkelen min, Ingvald Mårstig, hadde samla rekvedbitane for å bruke dei i omnen om vinteren. Eg har teke avtrykk av trebitane for å arkivere og visualisere ein flik av arbeidet og livet til onkelen min.
Eg eig ei ubebygd hyttetomt i Barbravika sør for Strandavågen. Her skal eg utforske landskapet mellom anna ved fysisk å stå i vatnet og framkalle cyanotypi-avtrykk. Korleis kan ein bruke ei hyttetomt utan å bygge? Utan å setje varige spor? Kanskje ved å flytte verkstaden min inn i ei campingvogn der i sommar? Kjem du på besøk i juli og august?
Søndag 24. august vert det kunsttur til stadane med båt. Vi startar på Hardbakke med kunstnarsamtale leia av forfattaren Katrine Sele.
Støtta av:
Eg er i Taklebua laurdag 23. august i samband med Solunddagen. Er du interessert i å sjå kunsten i Naustet og i Barbravika, så ta kontakt på 95171614. Lågøy står ope heile august!
Fire veker i Solund vart avslutta med fargeleik i fjøra. Eg utforskar landskapet taktilt og prøver ut cyanotypi for første gong.
Onsdag 30. Juli, installasjonen “Landingsplassen” er inspirert av japansk naturfilosofi der steinen har sjel. Trossa rammar inn ein heilag plass. På trossa heng kart over tomta mi i Barbravika i japansk bretteteknikk (Shide). Steinen ligg midt på tomta.
Torsdag 24. juli, i verket «Ringar i stein» bruker eg skrulokk frå norgesglas som kikkert. Sirkelen gir eit ekstra høve til å betrakte. Eg elskar steinlandskapet, og stein er tema for installasjonane i Barbravika.
Fredag 18. juli, eg får hjelp med lyssetting av Rekved-bøkene i naustet på Mårstig. (foto: Joar Kvamsås)
Sommarredaksjonen i Solund ved Ida Elisabeth Lending (15) og Lmar Haj Ali (13) laga flott tekst om prosjektet mitt i Solund: link
Måndag 14. juli, teksten på naustdøra er ferdig!
10. juli, Froskane og Kaia på plass i gamlebutikken på Lågøy! Open døgnet rundt. Treg dør - bruk makt!
6. juli “Rekved - Driftwood” montert i naustet mitt. Har du lyst å sjå? Ring 95171614, så opnar vi naustdøra!
2. juli: Kunstprosjektet “Kl.0600 og ekkoet av ein måse” er i dag to steg vidare. Eg takkar Solund kommune for tilskot, og Espen Nyttingnes for andre filmdag med dokumentasjonsfilming”!
28. juni: Første opphenging av bilde i Taklebua og v/ Gjenbruket!