Karen Helga Maurstig

  • lydfilar
  • Solund 2025
  • Home
  • Prints
  • Artists' books
  • Projects
  • CV
  • Blog
Astrid Myklebust, UT linosnitt, 1983

UT, Astrid Myklebust 1983 linosnitt

Opning av utstilling Astrid Myklebust, 21.10.2021 Sunnfjord kunstlag

January 14, 2022 by karen helga Maurstig

Heime har eg to arbeid laga av Astrid (Myklebust). Eit tekstilarbeid. Og eit grafisk trykk. Grafikk og Tekstil, dei to teknikkane som er sentrale i Astrid sitt kunstnarskap. Her på denne utstillinga er det Astrid som grafikar som vert vist fram.

Astrid hadde ein allsidig kunstutdannelse. Ho studerte i Bergen og Oslo - mellom anna studerte ho ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og ved Statens lærerskole i forming på Notodden. På 50-talet var det tekstilkunst ho fordjupa seg hovudsakleg i, og på 60-talet vart grafikk ein del av hennes kunstuttrykk.

På 60-talet blei Astrid del av kreative og spennande kunstmiljø som har påverka hennes utvikling og kunstnarskap. Ein periode arbeidde ho som assistent for tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal. Her kom ho i kontakt med eit grensesprengande vevkunstmiljø der det vart eksperimentert mykje. Som assistent var ho blant anna involvert i å veve teppet som skulle bli utsmykking til Håkonshallen i Bergen.

Ein annan viktig periode for Astrid sin kunstnarpraksis er det året då ho hospiterte på grafikklinja på Bergen kunsthåndverksole frå 1965 – 1966. Bergen hadde på den tida eit aktivt, eksperimenterande og veksande kunstmiljø. Ho hadde Asbjørn Brekke ein anerkjent grafikar som lærar, som ho tydeleg blei inspirert av. Uttrykket var grafisk med vekt på komposisjon og bruk av geometriske former – og det vanlege var bilde i svartkvitt.

På websida til Sogn og Fjordane Kunstmuseum, som har ein god del av Astrid sine tekstile- og grafiske arbeid i samlinga si, les eg - Som mange kvinnelege kunstnarar i sin generasjon arbeidde Myklebust som lærar ved sida av kunstnarskapet. Eksperimentelle tekstilverk i små format «kravde ikkje så mykje plass», og kunne arbeidast med heime, ved sida av ein karriere som lærar.

Det grafiske bilde eg har på veggen er lite (ca. 12 x 10 cm). Trykket har ingen tittel og er i svartkvitt. Teknikken er linosnitt. Bilde er råma inn og signert under bilde - trudde eg. Då eg skulle henge bildet på veggen og bruke krokane som var festa på baksida, oppdaga eg at signaturen då sto vertikal på venstre sida av bildet. Tilfeldig? Neppe. Astrid var open for at bilda hennar kan - og til og med skal - tolkast av den som ser. Kanskje det var akkurat det eg skulle gjere, stoppe opp litt og snu bildet rundt for å sjå det frå alle kantar.

Eg valte å bruke krokane som dei var plassert. Tjukke og tynne kvite linjer kryssar kvarandre på veg oppover. Nokre linjer går innover i bildet og gir dermed inntrykk av djupne. Det er også ei antydning av ei mørkare form bak i bildet. Til venstre er det ei klar, svart smal form i høgdeformat. Linjene er både kontrollerte og ekspressive. Det er ein energisk kraft i bildet. Stemninga minner om ein mørk kveld og kraftig snøvêr.
Ja, bildet er lite i format, men uttrykket i bildet tek sjåaren med til eit stort landskap med mørke ruvande fjellvegger. Landskapet som Astrid hadde rundt seg i Stardalen. Dette var hennes materiale til å uttrykke både det indre og ytre landskapet.

Astrid hadde stor kjærleik for papiret ho brukte, men til tider kunne ho gi det ei røff behandling. Papiret blei bretta og glatta ut att. Gamle trykk blei plisserte og rivne i småbitar. Småbitane blei til kollasj i nye arbeid. Det var òg Astrid som viste korleis eg kunne bruke strykejern når eit trykk hadde fått ein brett der det ikkje skulle vere. Ho var vande å ‘leve’ med papir og var heile tida oppteken av å finne nye mulegheiter og uttrykk.

Astrid Myklebust frå Stardalen i Jølster var ein av dei kunstnarane eg fekk nærast og best kontakt med når eg flytta hit til Sunnfjord på 90-talet. Astrid og eg fann kvarandre i kjærleiken for papir, og i å finne motiv frå naturen og i synet på grafikk som uttrykk.

Viss du er teiknar, malar eller tekstilkunstnar – så ser du kunstverket utvikle seg gradvis til du set den siste streken, tek det siste penselstrøket. Men innan grafikken er det annleis. Du skjer i trykkplata, du kostar ut farge og inn i denne trykkeprosessen sender du eit reint papir. Augneblinken er komen: Du riv av og ser resultatet! Eit særeige spenningsmoment.

Astrid og eg gjennomførte tre grafikkprosjekt i lag. Ein juleverkstad på Eikaasgalleriet. Her fekk både vaksne og barn prøve ut forskjellege grafiske teknikkar. I 2005 hadde vi ei fellesutstilling hos Stranda kunstlag på Sunnmøre. Eg hugsar dagen då vi monterte utstillinga. Plassering av arbeida var prega av dialog og stor respekt for den andre sitt kunstnarskap.

Det tredje prosjektet er kanskje det eg sette spesielt pris på. Det skulle vere ei juleutstilling på kunstnarsenteret som då framleis var på Førdehuset. Temaet for utstillinga var Dekk eit bord, Astrid ringde meg, og føreslo at vi skulle gjere noko i lag. På scooteren min køyrte eg til Stardalen. Ho tok fram gamle trykk og strimlar av tynne ark papir. Etter utprøving kom vi fram til kva kvar av oss skulle ha med til Kunstnarsenteret. Der blei tynne trykk lagt utover bordet, nokre vart lagde opp på eller overlappa andre. Vi leika med det transparente. Til slutt ei glasplate over det heile og lyssetting. Ferdig - trudde eg. Astrid gjekk rundt bordet. Ho tok fram nokre restar av rivne trykk. Ho brette litt, laga papirkrøller og til slutt med bestemt og sikker hand blei nokre papirformer plassert på glasplata. Formene blei ikkje lagt der som pynt, men var prikken over i-en. Astrids kreativitet, og alltid søken etter nye løysingar.

Som nemnt før blei Astrid del av eit spennande kunstmiljø på 50/60-talet. Som assistent for Synnøve Anker Aurdal møtte ho sjølvsagt òg Ludvig Eikaas frå Jølster som var ein eksperimenterande grafikar og var med og utvikla faget. Trykking av eit opplag med like trykk var ikkje det viktige. Kvart trykk blei ei mulegheit til å utvikle, eksperimentering og til å oppdage noko nytt.

Slik jobba også Astrid.

Eit kunstnarskap blir på denne måte ikkje berre dei bilda som heng på veggen. Men utprøvinga, eksperimenteringa og ikkje minst uttestinga av grensene for kva som er muleg – vil påverke grafikkfaget og ikkje minst framtidige kunstnarar.

Dette gjeld heilt klart også kunstnarskapet til Astrid Myklebust.

January 14, 2022 /karen helga Maurstig
Bilda i bakgrunnen er laga av Anne-Britt Lerøy

Bilda i bakgrunnen er laga av Anne-Britt Lerøy

Hundre års mangfald - Norske grafikere 100 år

March 04, 2020 by karen helga Maurstig

Kvifor er eg grafikar? For meg som grafikar er det den magiske augneblinken når ein løfter opp arket, og kunstverket syner seg fram. Først til grafikaren. So til publikum. Viss du er teiknar, malar eller bilethoggar – så ser du kunstverket utvikle seg gradvis til du set den siste streken, tek det siste penselstrøket eller høgden siste flisa av skulpturen.

Men innan grafikken er det annleis. Du skjer i trykkplata, du kostar ut farge og inn i denne trykkeprosessen sender du eit reint papir. Augneblinken er komen: Du riv av og ser resultatet! Eit særeige spenningsmoment.

Grafikk har også ei spesiell i historie når det gjeld massekommunikasjon. Den er i nær slekt med boktrykkarkunsten frå 1400-talet. Grafikken som muligheit for tidleg masseproduksjon var også viktig for folk som ikkje kunne lese. Grafikken var til stor hjelp for å spreie kunnskap og å utvikle demokrati. Politisk plakatkunst var ein del av dette. Til dømes gjorde spreiing av bibelen – gjennom både bilde og tekst – det mogleg for folk å stille spørsmål og fundere sjølv.

Grafikk var i starten handverk som støtta andre kunstartar og samfunnsprosessar. Etter kvart vart grafikk også autonom kunst – kunst for kunsten sin del. Det kunstnarlege uttrykket stod for seg sjølv i innhald og kreativitet. Først ute var tresnitt, og seinare fekk vi eit mangfald av etsingsteknikkar, silketrykk og steintrykk. Nicolai Astrup og Edvard Munch var dei to første kunstnarane i Norge som tok grafikken aktivt i bruk i kunsten sin. Dei braut begge med den tradisjonelle tresnitt-teknikken. Å trykke eit opplag av fleire like trykk var mindre viktig. Edvard Munch delte opp treplatene i bitar, farga inn kvar bit og la dei saman som eit puslespel. Astrup varierte fargene ved å legge på fargar på delar av treplata med penslar. Dei utforska fargeuttrykket.

Norske grafikere organiserte seg for hundre år sidan. Både vår største kunstnar Edvard Munch og Erik Werenskiold – han som leverte grafikken til Snorre – var til stades under skipinga. Jubileumsboka vår «Tresnitt og amerikanske sommerfugler» er  nett komen ut på Skald forlag. Tittelen refererer til Per Kleiva sitt bilde «Amerikanske sommerfugler» frå 1971 og viser amerikanske helikopter forvandla til sommarfuglar. Eit politisk bilde som protest mot krigen i Vietnam.

Det har vore store forandringar i dei 100 åra som Norske grafikere har eksistert.

Tidlegare vart grafikarar utsette for miljøgifter i arbeidet sitt. Eg kan sjølv hugse den sjokkarta opplevinga frå kunstutdanninga mi i Rotterdam. Arbeidstilhøva på syreromet var kritikkverdige – ei skarp kjemisk lukt møtte oss og det var eit sleipt gulaktig belegg på golvet, der det sto fleire bord med dampande salpetersyrebad, og rommet hadde ingen avsug. Vi strødde harpikspulver direkte inn på plata under ei opa trafikkert trapp og utan støvmaske. Kva med lungehelsa? Når eg kom på kunst og handverkskulen i Oslo fekk eg oppleve at vi i Norge låg langt framme i miljøtenking. Der var det både gummihanskar og støvmasker. Og ikkje minst – diskusjonar rundt problematikken.

Grafikken har i alle år halde på det nære slektskapet til handverket. Når foto og moderne teknologi tok over mykje av reproduksjonen, så var det grafikk-kunstnarane som held sjølve faget ved like og utvikla det.

Eg fekk sjølv ein ekstra leksjon i handverket si viktigheit når eg i 2006 var på Artist in residens-opphald i Japan. Eg skulle lære meg japansk tresnitt på åtte veker, og alt første dagen fekk eg vite at i japansk tresnitt tok det 10 år å verte utlært. 

Det er interessant å sjå og gledeleg å oppleve at grafikken får sin renesanse i nettalderen. Kunstforma og handverket fasinerer. Vi får også utprint – eller det som vert kalla digital grafikk. Dei siste åra er digitalt trykk også godkjent på internasjonale grafikkutstillingar. Likevel ser ein i jubileumsboka til Norske grafikere og boka om historikken, at klassiske teknikkar som tresnitt og etsing framleis er mest brukte. Og skulle ein tru at det er dei nyutdanna kunstnarar som tek i bruk digitale trykkemetodar, så tek ein feil – det er faktisk mange av dei som bruker tresnitt som teknikk. Men det er ei forandring - opplag er ikkje viktig, det er mange som bruker grafikk i installasjonar og performance. Og sjølve treplatene kan vere ein del av utstillinga.

I motsetning til måling inviterer grafikk til samarbeid. Mange kunstnarar jobbar i fellesverkstadar. Det er dyrt å eige presser og anna utstyr sjølv. Og det er dei siste åra med støtte frå mellom anna Kulturrådet blitt etablert fleire slike verkstadar i heile landet. Det er ofte ein kunstnar som er verkstadmester. Det er også vanleg at fleire kunstnarar jobbar på same bilde.

På verkstaden på Kunst- og handverkskulen i Oslo fekk vi bruke pressa som Edvard Munch hadde brukt. For meg var dette stort. Munch hadde vore idolet mitt frå eg var lita.

Norske grafikere 100 år presenterer 22 utstillingar landet rundt.

Utstillinga her på museet viser grafikk av kunstnarar frå heile landet. Eg vil nemne nokre av grafikarane her frå fylket som ein kan møte på utstillinga. Astrup er nemnt.

Aase Kvikne Bjordal frå Balestrand utforska eit abstrakt formspråk med grafikken sin. Knut Rumohr frå Frønningen er ein av nestorane innan norsk grafisk kunst. Oddvar Torsheim utmerkte seg med politisk grafikk. Bjørn Hegrenes brukte etsing til å få fram gråe og svarte tonar.

Astrid Myklebust frå Jølster var ein av dei grafikarane eg fekk nærast og best kontakt med når eg flytta hit til Sunnfjord. Astrid og eg fann kvarandre i kjærleiken for papir, og i å finne motiv frå naturen. Ho var ikkje oppteken av masseproduksjon, men eksperimenterte med å brette dei grafiske trykka.

Magne Vangsnes er autodidact – sjølvlærd – og ein markant grafikar på høgt teknisk nivå. Han er for tida styreleiar for Norske grafikere.

Ein skal vere forsiktig med å rangere kunst og kunstnarar, men grafikken til Ludvik Eikaas ligg heilt klart i landstoppen. Han var også lærar og inspirator, og eg hadde han som lærar i Oslo.

Eg vil avslutte med eit sitat frå han. Ein gong han synte oss rundt på ei av grafikkutstillingane sine sa han om kva tid han brukte grafikken som uttrykk: (sitat) «Grafikken kjem når bileta som melder seg, krev eit slikt uttrykk».

Norske grafikere 100 år – Gratulerer!

Karen Helga Maurstig til opninga på SFKM 16. mars 2019

March 04, 2020 /karen helga Maurstig
BLOG2.jpg

Å Setje spor

February 03, 2016 by karen helga Maurstig

På verkstaden min er vindauga pynta med snøkrystallar i papir. Krystallane har vore der i litt over to år, og er vorte så daglegdagse at eg ikkje alltid «ser» dei.

I 2013 starta eg eit samarbeid med Jølster Asylmottak om eit kunstkurs for foreldre og barn. Kurset er støtta av UDI. Deltakarane kan ha fått opphaldsløyve og venter då på å få tildelt ein heimekommune. Eller dei veit enno ikkje om dei får bli her i landet.  For alle gjeld at dei venter.

Eg har møtt flyktningar frå Somalia, Eritrea, Afghanistan, Tsjetsjenia og Russland. Og siste året også frå Syria. Timane vi har i lag skal gi positive opplevingar, og gi ungane augneblink av  «ein normal barndom». Og heldigvis er dei ofte som ungar flest. Dei kan vere rolege og «ikkje gidde», dei kan krangle og verte venner att. Dei kan la meg stå att med måling spreidd utover bord og golv. Men dei kan også kome ein halv time før, og ta meg i handa og si hei med strålande og forventingsfulle auge.

Det har vore sterke møte med både barn og vaksne. Eg har gjennom desse møta fått sett eit glimt av kva det vil seie å vere asylsøkjar. Mens innvandrings- og integreringsminister Listhaug snakkar om ein «gullstol» får eg høyre om rommet på mottaket ein familie på fem bur og lever i, både dag og natt. Eg ser skuggen som spreier seg over ansiktet til ho som kom med båt over Middelhavet.

Og så er det dei augneblinka når eg får oppleve at det vi gjer på kurset betyr noko. Som når vi lagar enkle fargerike dragar og vi spring ut. Det er roping og latter mens dragane dansar i vinden. Eller faren som for ein kort stund er litt meir avslappa mens han bretter eit papirfly til sonen, og hugsar at han har gjort det før, då han sjølv var barn.

Det er viktig å setje spor. «Alle på skulen veit namnet mitt» seier eit av barna glad. Ein strek i skisseboka er spor etter ei hand som kan sjåast av andre. Med streker kan vi fortelje noko utan ord.

Ein dag inviterte eg alle til juleavslutning på verkstaden min. Vi var seksten personar i alle alder og vi baka peparkaker som vi pynta, og vi drakk gløgg. Ei mor fann fram saks og papir og begynte å brette og klippe. Etter kvart vart bordet dekka med dei flottaste snøkrystallane i papir. Ho viste også korleis ein med litt såpe, kunne feste dei skjøre utklipte formene på vindaugsglaset. 

Få veker seinare får eg ein dag meldinga at ho, mannen og deira treårige guten brått vart sendt ut av Norge.

Når eg kjem inn på verkstaden min ein vintersdag og sola skin, kjem snøkrystallane i papir tydeleg fram mot dei kvite fjella på nordsida av Jølstravatnet. Eg ser spor etter saksa og spor etter handa som bretta, i formene som er festa på vindaugsglaset.






February 03, 2016 /karen helga Maurstig