Hundre års mangfald - Norske grafikere 100 år
Kvifor er eg grafikar? For meg som grafikar er det den magiske augneblinken når ein løfter opp arket, og kunstverket syner seg fram. Først til grafikaren. So til publikum. Viss du er teiknar, malar eller bilethoggar – så ser du kunstverket utvikle seg gradvis til du set den siste streken, tek det siste penselstrøket eller høgden siste flisa av skulpturen.
Men innan grafikken er det annleis. Du skjer i trykkplata, du kostar ut farge og inn i denne trykkeprosessen sender du eit reint papir. Augneblinken er komen: Du riv av og ser resultatet! Eit særeige spenningsmoment.
Grafikk har også ei spesiell i historie når det gjeld massekommunikasjon. Den er i nær slekt med boktrykkarkunsten frå 1400-talet. Grafikken som muligheit for tidleg masseproduksjon var også viktig for folk som ikkje kunne lese. Grafikken var til stor hjelp for å spreie kunnskap og å utvikle demokrati. Politisk plakatkunst var ein del av dette. Til dømes gjorde spreiing av bibelen – gjennom både bilde og tekst – det mogleg for folk å stille spørsmål og fundere sjølv.
Grafikk var i starten handverk som støtta andre kunstartar og samfunnsprosessar. Etter kvart vart grafikk også autonom kunst – kunst for kunsten sin del. Det kunstnarlege uttrykket stod for seg sjølv i innhald og kreativitet. Først ute var tresnitt, og seinare fekk vi eit mangfald av etsingsteknikkar, silketrykk og steintrykk. Nicolai Astrup og Edvard Munch var dei to første kunstnarane i Norge som tok grafikken aktivt i bruk i kunsten sin. Dei braut begge med den tradisjonelle tresnitt-teknikken. Å trykke eit opplag av fleire like trykk var mindre viktig. Edvard Munch delte opp treplatene i bitar, farga inn kvar bit og la dei saman som eit puslespel. Astrup varierte fargene ved å legge på fargar på delar av treplata med penslar. Dei utforska fargeuttrykket.
Norske grafikere organiserte seg for hundre år sidan. Både vår største kunstnar Edvard Munch og Erik Werenskiold – han som leverte grafikken til Snorre – var til stades under skipinga. Jubileumsboka vår «Tresnitt og amerikanske sommerfugler» er nett komen ut på Skald forlag. Tittelen refererer til Per Kleiva sitt bilde «Amerikanske sommerfugler» frå 1971 og viser amerikanske helikopter forvandla til sommarfuglar. Eit politisk bilde som protest mot krigen i Vietnam.
Det har vore store forandringar i dei 100 åra som Norske grafikere har eksistert.
Tidlegare vart grafikarar utsette for miljøgifter i arbeidet sitt. Eg kan sjølv hugse den sjokkarta opplevinga frå kunstutdanninga mi i Rotterdam. Arbeidstilhøva på syreromet var kritikkverdige – ei skarp kjemisk lukt møtte oss og det var eit sleipt gulaktig belegg på golvet, der det sto fleire bord med dampande salpetersyrebad, og rommet hadde ingen avsug. Vi strødde harpikspulver direkte inn på plata under ei opa trafikkert trapp og utan støvmaske. Kva med lungehelsa? Når eg kom på kunst og handverkskulen i Oslo fekk eg oppleve at vi i Norge låg langt framme i miljøtenking. Der var det både gummihanskar og støvmasker. Og ikkje minst – diskusjonar rundt problematikken.
Grafikken har i alle år halde på det nære slektskapet til handverket. Når foto og moderne teknologi tok over mykje av reproduksjonen, så var det grafikk-kunstnarane som held sjølve faget ved like og utvikla det.
Eg fekk sjølv ein ekstra leksjon i handverket si viktigheit når eg i 2006 var på Artist in residens-opphald i Japan. Eg skulle lære meg japansk tresnitt på åtte veker, og alt første dagen fekk eg vite at i japansk tresnitt tok det 10 år å verte utlært.
Det er interessant å sjå og gledeleg å oppleve at grafikken får sin renesanse i nettalderen. Kunstforma og handverket fasinerer. Vi får også utprint – eller det som vert kalla digital grafikk. Dei siste åra er digitalt trykk også godkjent på internasjonale grafikkutstillingar. Likevel ser ein i jubileumsboka til Norske grafikere og boka om historikken, at klassiske teknikkar som tresnitt og etsing framleis er mest brukte. Og skulle ein tru at det er dei nyutdanna kunstnarar som tek i bruk digitale trykkemetodar, så tek ein feil – det er faktisk mange av dei som bruker tresnitt som teknikk. Men det er ei forandring - opplag er ikkje viktig, det er mange som bruker grafikk i installasjonar og performance. Og sjølve treplatene kan vere ein del av utstillinga.
I motsetning til måling inviterer grafikk til samarbeid. Mange kunstnarar jobbar i fellesverkstadar. Det er dyrt å eige presser og anna utstyr sjølv. Og det er dei siste åra med støtte frå mellom anna Kulturrådet blitt etablert fleire slike verkstadar i heile landet. Det er ofte ein kunstnar som er verkstadmester. Det er også vanleg at fleire kunstnarar jobbar på same bilde.
På verkstaden på Kunst- og handverkskulen i Oslo fekk vi bruke pressa som Edvard Munch hadde brukt. For meg var dette stort. Munch hadde vore idolet mitt frå eg var lita.
Norske grafikere 100 år presenterer 22 utstillingar landet rundt.
Utstillinga her på museet viser grafikk av kunstnarar frå heile landet. Eg vil nemne nokre av grafikarane her frå fylket som ein kan møte på utstillinga. Astrup er nemnt.
Aase Kvikne Bjordal frå Balestrand utforska eit abstrakt formspråk med grafikken sin. Knut Rumohr frå Frønningen er ein av nestorane innan norsk grafisk kunst. Oddvar Torsheim utmerkte seg med politisk grafikk. Bjørn Hegrenes brukte etsing til å få fram gråe og svarte tonar.
Astrid Myklebust frå Jølster var ein av dei grafikarane eg fekk nærast og best kontakt med når eg flytta hit til Sunnfjord. Astrid og eg fann kvarandre i kjærleiken for papir, og i å finne motiv frå naturen. Ho var ikkje oppteken av masseproduksjon, men eksperimenterte med å brette dei grafiske trykka.
Magne Vangsnes er autodidact – sjølvlærd – og ein markant grafikar på høgt teknisk nivå. Han er for tida styreleiar for Norske grafikere.
Ein skal vere forsiktig med å rangere kunst og kunstnarar, men grafikken til Ludvik Eikaas ligg heilt klart i landstoppen. Han var også lærar og inspirator, og eg hadde han som lærar i Oslo.
Eg vil avslutte med eit sitat frå han. Ein gong han synte oss rundt på ei av grafikkutstillingane sine sa han om kva tid han brukte grafikken som uttrykk: (sitat) «Grafikken kjem når bileta som melder seg, krev eit slikt uttrykk».
Norske grafikere 100 år – Gratulerer!
Karen Helga Maurstig til opninga på SFKM 16. mars 2019